Velkommen til førjulssalong!

Gaute Sortland og Nina Lykke har begge ei særegen evna til å sjå det skeive og skakke i liva våre, og formidle det med humor og varme.

Nina Lykke har skrive legeromanen Full spredning. Og det er nok ikkje ein heilt vanleg legeroman, kjenner eg Lykke rett. Dette skriv forlaget om boka: Elin har flyttet inn på legekontoret sitt, hvor pasientene kommer strømmende dagen lang med alle sine skavanker og lidelser. I to tiår har Elin vært fastlege. Minst like lenge har hun vært gift med Aksel. Men før Aksel fantes Bjørn, som plutselig tok kontakt igjen via en venneforespørsel på Facebook, og som har snudd opp ned på alt. Elin liker seg på kontoret, selv om hun må gjemme seg for vekteren når han går sin runde om kvelden. Og hjemme i rekkehuset sitter Aksel og raser – med mindre han har lagt seg til med den fraskilte nabovenninnen Gro.

Full spredning er en roman om selvinnsiktens forbannelser og fornektelsens velsignelser. Med denne boken flytter Nina Lykke grensene for hva en legeroman kan være.

Gaute Sortland har skrive ei ny novellesamling som betegnande nok heiter Ikkje heilt normal, som blant anna handlar om forfattarar som skriv kortprosa i staden for bestseljande romanar, eller foreldre som vil ha barna sine i nynorskklasse. Eller personane står på andre måtar litt i utkanten av det som skjer: læraren som har sin siste dag på skulen før pensjon, den fråskilde mannen som sender dickpics til utvalde kvinner på telefonlista, mannen som forsøkjer å vere i forkant av trendane som stadig dukkar opp, og kjøper inn utstyr for fuglekikking. Den tidlegare alkoholikaren som har vore nykter i eitt år og dreg på klatretur med ein kamerat, mannen som kjem heim og oppdagar at ein annan har flytta inn til familien, og at han sjølv er blitt ein tilskodar til det som burde vore hans eige liv.

Dei prøver alle å finne ut av ting og spreller litt når livet dreg dei med seg i uante retningar. Men hjelper det? Stort sett ikkje. Sortlands tekstar er humoristiske og leikne, men rommar som alltid ein melankoli knytt til det å stå utanfor og kikke inn.

Billetter på Ticketco: https://haugesundbibliotek.ticketco.events/no/en/e/litteraer_salong__full_spredning