Når:
31. oktober 2019@20:00-21:30
2019-10-31T20:00:00+01:00
2019-10-31T21:30:00+01:00
Pris:
270

Møt Agnes Ravatn og Hallgeir Opedal, som har skrive bøker som på kvar sin måte handlar om fenomenet heim. Men kva er det eigentleg? Ein stad? Ei kjensle? Er det berre nostalgi?

Etter å ha budd tretti år i Oslo vaknar Hallgeir Opedal ein dag og bestemmer seg for å gå heim til Odda, der han kjem frå. Det blir ein tur langs E134, frå leilegheita på Oslos vestkant til barndomsheimen i Odda. Forfattaren lagar seg eit sett med reglar for turen, mellom anna at han skal snakke med alle han møter, og ikkje vere redd for omvegar. Dei fører også heim. På vegen vestover filosoferer han over fenomenet heim. Undervegs møter han folk – og ikkje minst seg sjølv – og skildrar møta med humor, varme og sjølvironi.

Agnes Ravatn sin siste roman har tittelen Sju dører, og handlar om Nina Wisløff, ein litteraturprofessor ved Universitetet i Bergen. Det trivelege huset til ho og ektemannen Mads skal rivast på grunn av den nye traséen til Bybanen, og dei treng ein ny plass å bu. Nina og dottera Ingeborg går på synfaring i sekundærbustaden, men får eit ublidt møte med leigebuaren, åleinemora Mari Nilsen. Like etter blir Mari meld sakna. Etterforskinga pågår ikkje lenge før ho stansar opp, og dermed begynner Nina i det stille å nøste i kva som kan ha skjedd.

Billetter kr 270,- kjøpes på ticketco.no, Haugesund folkebibliotek eller i døra.

En hjertelig takk til våre samarbeidspartnere og støttespillere: Haugeusnd Kommune, Fritt Ord, Kulturrådet, Forfattersentrum, Haugesund folkebibliotek, Samlaget, Norli Haraldsgata og Rica Haugesund.