Lenke til arrangementet
Hei, eg heiter Halfdan og er 73 år gamal. Eg vaks opp i Lofoten, men bur no i Bergen. Eg er bestefar til Erling, 11 år, og Helena, 15 år. I dag spurte Erling om det var nokre skumle epidemiar då eg var barn? Og det var det faktisk! Vi hadde den store «asiasjuka» då eg var 10 år, og det kunne eg fortelje han om. Eg likar barn og unge som lurar på ting og spør om alt mogleg. Om naturen rundt oss, om historia vår og om språk. Om alle bøkene eg har lest. Og alle bøkene eg ikkje fekk tid til å lese, for det var så mykje anna å gjere. Eg likar også å gå på tur, å sykle og å fiske. Om du har eit spørsmål, om kva som helst, svarar eg straks og så godt eg kan. Vi møtest på Messenger!