Trua på livet vårt – fred i krigens tid

Ikkjevaldspolitikk verkar å ha eit snevert rom i dagens samfunn. Etter terrorangrepet på Utøya rusta me ungdommen med refrenget frå mellomkrigstida om at deira vern mot vald var trua på livet vårt og menneskeverdet.

Men har me eit reelt ytringsrom for slike tankesett i dag, sett i lys av krigen i Ukraina, opprusting og våpenstøtte? Blir ord berre ord i møte med samfunnets samstemte kor og mantraet om at berre krig skapar fred?

Til seminaret kjem forfattarane og samfunnsdebattantane Linn Stalsberg og Aage Borchgrevink, som begge har skrive om krig som eit undertrykkjande samfunnstrekk og løfta fram ikkjevaldspolitikk i det offentlege ordskiftet. Samtalen blir leia av Katrine Sele.

Seminaret samarbeider med Haugesund folkebibliotek og Høgskulen på Vestlandet.

Program, tirsdag 20. september

Kl. 19.00: Opning. Musikalsk innslag v/ Gjertrud Økland og Pål Jackman

Kl. 19.10: Velkommen v/ Arne Vestbø
Kl. 19.20: Samtale mellom Linn Stalsberg, Aage Borchgrevink og Katrine Sele (ordstyrar)

Kl. 20.20: Avslutning. Musikalsk innslag v/ Gjertrud Økland og Pål Jackman

Bildekollasj av Øystein Vidnes, fra forsiden på Arne Vestbøs bok Øverst på nazistenes liste.Bilde: Bildekollasj av Øystein Vidnes, fra forsiden på Arne Vestbøs bok Øverst på nazistenes liste.

Bilde: Linn Stalsberg, Aage Borchgrevink, Katrine Sele, Gjertrud Økland og Pål Jackman.