Til arrangementer

Samtale, debatt og foredrag

Panelsamtale: Historia som kompass?

På kva måte kan historia guide oss og lære oss noko om vår eiga tid?

Legg til i kalender
Jørn Øyrehagen Sunde
Jørn Øyrehagen Sunde
Jørn Øyrehagen Sunde

Gratis - ingen påmelding

Dato

man 27. mai

Tid

12:00 - 13:00

Sted

Haugesund folkebibliotek - Rabinowitz

Arrangør

Moster 2024

I eit miniseminar vil professor i rettshistorie Jørn Øyrehagen Sunde gi oss eit innblikk i Noregs tidlege lovskapingsprosessar i anledning to viktige lovjubileum i 2024. Kristenretten 1000 år og Landsloven 750 år.

I ein panelsamtale med professor Jørn Øyrehagen Sunde, forfattar Bjørn Sortland spør panelleiar Sverre Meling jr. om det er viktig å kjenne til prosessar i fortida for oss som lev i samtida. På kva måte kan historia guide oss og lære oss noko om vår eiga tid? Historie kan nyttast som verkemiddel i kunsten og verktøy i politikken. Men kva med historiefortolking og kjeldekritikk?

I 2024 markerer vi at det er 1000 år sidan Olav Haraldsson og biskop Grimkjell innførte kristenretten på Moster. Samtidig er det også er 750-årsjubileum for Magnus Lagabøtes Landslov i 2024. Desse to lovverka kan sjåast i samanheng, sjølv om 250 år skil dei. Møtet på Mostratinget i 1024 presenterte nye lovar for utøving av religion og kvardagsliv. Kristenrettane sette i gong ei omfattande og radikal samfunnsomvelting, og byrjinga på ei ny tid, med økte menneskelege omsyn og auka rettsvern for individet. Landsloven av 1274 kan sjåast som ei fullbyrding av Olav Haraldssons Kristenrettar i ei omfattande lovbok. Hovudmarkeringa for 1000-årsjubileet er på Moster 29. mai-2. juni. 750-årsjubileet for Landsloven markerast gjennom heile året med utstillingar og arrangement i Bergen og Oslo.

Kontakt

Haugesund kommune
Ansvarlig redaktør: Siri O. Vikse
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagramBesøk oss på youtube
Bygget med Libry Content