BLÅTT SVEV - Ein poesikonsert med Jon Fosse sine tekstar
Poesikonsert med Fosse-tekstar!
Arrangementet krever billett
Dato
Tid
Sted
Avholdes ikke i biblioteketFestiviteten / Teatercaféen
Arrangør
«Blått svev» inneheld poetiske tekstar av Jon Fosse, nobelprisvinnar i litteratur 2023, og musikk som er komponert for akkurat desse tekstane.
Poesikonserten vekslar mellom det undrande, det vakre og den uro og lengt som finst i kvar av oss.
Framføringa er med utøvarar på høgt nivå:
Hildegun Riise -tekstutvalg og framføring
Benedicte Maurseth -hardingfele og komposisjon
Sigbjørn Apeland -trøorgel og komposisjon
«Jon Fosse er ein unik diktar som gjev oss språk for det språklause», seier skodespelar Hildegun Riise om Fosse sitt forfattarskap. «Han skriv romanar, dikt, barnebøker, essay og kortprosa. Det kvardagslege og samstundes den djupe menneskelege innsikten Fosse skriv fram er makelaus. Over menneska finst ein stor himmel. Natur og lynne er oftast er knytta til det Vestnorske landskap og lynne. Likevel ber diktinga hans i seg ei menneskeleg sanning og gjenkjenning som viser seg å vera gyldig i store delar av verda.»
Skodespelar og regissør Hildegun Riise, kjend frå Det Norske Teatret og større film og tv-produksjonar, er ansvarleg for tekstutvalet.
I 2020 blei plata «Blått svev» spela inn på Grappa Musikkforlag med dikt av Jon Fosse framførde og utvalde av Hildegun Riise og musikk komponert og framført av Stein Urheim og Benedicte Maurseth.
Seinare har konseptet utvikla seg vidare der både tekstutvalg og musikk ber preg av det tette samspelet mellom Maurseth, Apeland og Riise.
Sigbjørn Apeland er musikar (orgel, harmonium) og vitskapsmann, kjend frå fleire innspielingar, og for sitt virke i grenseland mellom folkemusikk, kyrkjemusikk og improvisatorisk musikk. Han er oppvaksen i Sveio.
Benedicte Maurseth starta å spele fele då ho var sju år, og har studert med Knut Hamre. I tillegg til studier ved Universitetet i Bergen (mellomfag i kunsthistorie) har ho studert ved Ole Bull- akademiet på Voss. Ho fordjupa seg i det barokke instrumentetet viola d’amore ved sida av hovedinstrumentet hardingfele. Maurseth er også ein begåva kvedar, og jobbar nå som frilans musiker med base i Bergen.