Erlend Berge og Frode Grytten: Kjære alle saman!

Utstilling
For alle

Korleis står det til med det frie ordet? Kva er ståa for demokratiet?

Gratis - ingen påmelding

Tidspunkt

28. apr. 11:00 - 21. mai 12:00

Sted

Haugesund folkebibliotek - Bbiliotekparken

Arrangør

Haugesund Folkebibliotek
Legg til i kalender

Kva fortel talarstolen når festen er over og ståket har lagt seg?

Desse spørsmåla utforskar fotograf Erlend Berge i prosjektet «Kjære alle saman», i samarbeid med forfattar Frode Grytten.

Kjensla av at noko er i ferd med å gå tapt sendte fotograf Erlend Berge ut på ei reise gjennom Noreg på jakt etter «det store oss» og «det vesle me». Kven var me eigentleg? Kor var me på veg? Kvar er me eigentleg no?

I sju år har Erlend Berge fotografert talarstolar og rom i den norske offentlege samtalen. Trontalen, Kongens nyttårstale, første skuledag, nedlagde rådhus, innspelingsrommet til podkasten «Sophie & Fetisha», bortgøymde talarstolar og 17-mai-pynta ungdomshus. Bileta dokumenterer dei store folkebevegelsane som forma og framleis former Noreg.

Frode Grytten har late seg inspirere av desse bileta. Resultatet er dikt og prosa som med vidd og alvor, refsar og kommenterer ytringsklimaet i samtida. Det er ingen menneske i bileta, men det er spor av menneskelege draumar og store ord. Kjensla av at noko vedunderleg skal skje, at det må skje.

At noko må seiast. At dører skal opna seg og talen skal springa ut; Kjære alle saman!

Fotografia med tekstane til Frode Grytten stilles ut i Bibliotekparken i Haugesund frå 28. april til 21. mai.

Utstillingen har blitt gjort mogeleg med tilskot frå Rogaland Fylkeskommune, og Fritt Ord.

Relatert litteratur

Erlend Berge og Frode Grytten: Kjære alle saman! | 28. apr. - 21. mai | Haugesund folkebibliotek