Finissage: Erlend Berge og Frode Grytten - Kjære alle saman!
Velkommen til finissage med foredrag og innleiing frå Berge, og opplesing av Grytten-tekstar.
Gratis - ingen påmelding
Dato
Tid
Sted
Haugesund folkebibliotek - Rabinowitz-salen
Arrangør
Møt kunstnaren! I perioden 28. april til 22. mai kan du oppleve fotograf Erlend Berge og forfattar Frode Gryttens utstilling "Kjære alle saman!" i Bibliotekparken.
I sju år har Erlend Berge fotografert talarstolar og rom i den norske offentlege samtalen. Kjensla av at noko er i ferd med å gå tapt sendte fotograf Erlend Berge ut på ei reise gjennom Noreg på jakt etter «det store oss» og «det vesle me». Kven var me eigentleg? Kor var me på veg? Kvar er me eigentleg no?Frode Grytten har late seg inspirere av desse bileta. Resultatet er dikt og prosa som med vidd og alvor, refsar og kommenterer ytringsklimaet i samtida. Det er ingen menneske i bileta, men det er spor av menneskelege draumar og store ord. Kjensla av at noko vedunderleg skal skje, at det må skje. At noko må seiast. At dører skal opna seg og talen skal springa ut; Kjære alle saman!