Forfatterbesøk: Halvor Folgerø - Ferjefolket

Litteratur og fortelling
Voksne

Vestlandet kan oppsummerast i tre f`ar: fjell, fjordar og ferjer.

Halvor Folgerø
Halvor Folgerø
Halvor Folgerø

Arrangementet krever billett

Dato

onsdag, 4. desember

Tid

19:00 - 20:30

Sted

Haugesund folkebibliotek - Rabinowitz-salen

Arrangør

Haugesund Folkebibliotek
Kjøp billett

Ingen transportmiddel er meir elska og hata enn ferjene. Ein viktig del av den vestnorske folkesjela, anten vi likar dei eller ikkje.

Sakte, men sikkert blir dei erstatta av bruer og tunnelar. I den nye boka si har Halvor Folgerø møtt ferjefolk, og samla historier om livet på og med ferjene. Om kvardagsliv, komikk, romantikk og dramatikk. Om storm og stille, fest og fødslar, kjærleik og kø.

I foredraget får du høyre dei beste historiane, og sjå dei finaste bildene.

Halvor Folgerø er forfattar, musikar og journalist. Han har dei siste åra hatt stor suksess med bøkene sine om Vestlandsvegar.

Etter foredraget blir det høve til å kjøpe signerte bøker.
Hos Carlos holder åpent i forkant av arrangementet!

Relatert litteratur