Litteratur og fortelling
Haugesund historielag - Nord og sør i Rogaland
Rogaland - samspel og rivalisering opp gjennom historia
Legg til i kalender


Gratis - ingen påmelding
Foredrag med historikar og tidl. sjefredaktør i Stavanger Aftenblad Tom Hetland
Heilt sidan bronsealderen har det vore to tyngdepunkt i Rogaland – eitt nord og eitt sør for Boknafjorden. Mellom nord og sør i Rygjafylket, som det før heitte, har det vore både samspel og rivalisering opp gjennom historia, i alt frå skipsfart og høgare utdanning, til politikk og fotball.
Tom Hetland, historikar og tidlegare sjefredaktør i Stavanger Aftenblad, vil i dette foredraget gi eit oversyn over forholdet mellom nordfylket og sørfylket i eit tusenårsperspektiv som munnar ut i tankar om dagens situasjon, der det kan synast som om Boknafjorden er blitt djupare.
Der sjøen tidlegare knytte fylkesdelane saman, kan det vera grunn til å spørja om bilen har gjort avstanden mellom nord og sør større, trass i nye tunnelar og raskare ferjer.
Medieutviklinga kan også ha gjort nordfylket og sørfylket meir sjølvsentrerte. Og har den sterke veksten på Nord-Jæren endra likevekta mellom nord og sør så grunnleggjande at dei to fylkesdelane framover oftare vil dra i ulik retning?
Relatert litteratur

Rogaland
Askeland, Ole J.