Hopp til hovedinnhold

Jørn Øyrehagen Sunde: Har eg rettstryggleik?

Samtale, debatt og foredrag
Voksne

Har alle rettstryggleik?

Gratis - ingen påmelding

Dato

torsdag, 12. februar

Tid

19:00 - 20:30

Sted

Haugesund folkebibliotek - Rabinowitz-salen

Legg til i kalender

Forfattar og professor i rettshistorie Jørn Øyrehagen Sunde, uttrykkjer bekymring for om rettsstaten har vorte klassedelt.

Han peiker på at vanlege folk ikkje har råd til advokathjelp når dei treng det, og at det berre er i straffesaker og foreldretvistar dei i dag har tilgang til rettssystemet.

For domstolane er i realiteten berre tilgjengelege for bedrifter, institusjonar og offentlege organ, dei velståande og dei som kan skyva utgifter til advokat over på eit forsikringsselskap.

Lågterskeltilbod for konfliktløysing, som Jordskifteretten, Konfliktrådet og Forbrukartvistutvalet, er for ukjente, overbelasta eller for vanskeleg tilgjengelege til å vega opp for mangelen på domstolstilgang.

Før føredraget til Sunde innleiar dommar Håkon Velde Nordstrøm
Etter føredraget blir det ein panelsamtale der desse deltek:

Frank Schmidt - sorenskrivar i Haugaland og Sunnhordland tingrett
Trond Jarle Bachmann, avokat og leiar av advokatforeninga i Haugaland og Sunnhordland krets

Panelsamtalen blir leia av Marte Engesli Lysaker -nestleder/tingrettsdommer Haugaland og Sunnhordland tingrett

Arrangementet er eit samarbeid mellom Haugaland og Sunnhordland tingrett og Haugesund Folkebibliotek

Relatert litteratur