Novellefest: Gaute M. Sortland, Bergen Mandolinband mm

Musikk og konsert
Voksne
Krever billett

Me avsluttar den første Novellefestivalen med eit forfatterbesøk og ein konsert!

Gaute M Sortland og Bergen Mandolinband
Gaute M Sortland og Bergen Mandolinband
Gaute M Sortland og Bergen Mandolinband

Arrangementet krever billett

Dato

søndag, 30. mars

Tid

18:00 - 19:30

Sted

Avholdes ikke i biblioteketVangen Pling Plong

Arrangør

Haugesund Folkebibliotek
Kjøp billettLegg til i kalender

Me avsluttar årets festival med en heilaften på Vangen Pling Plong, med Sortland og hans noveller, og konsert med Bergen Mandolinband og ein eksklusiv gjest!

Gaute M. Sortland er Haugesunds eigen novelleforfattar, med fem novellesamlingar bak seg. Ein underfundig stil kjenneteiknar forfattarskapen, noko som skapar stemning i tekstane og gir dei både humor og djupn. Sortland er også musikar, og kjend frå bandet Bergen Mandolinband.

Ekslusiv gjest
Steve Riley blir av mange rekna som verdas fremste cajuntrekkspelar. Heilt sidan han var tidlig i tenåra turnérte han med cajunlegenda Dewey Balfa, og seinere har han og samarbeidd med folk som Eric Clapton, Robert Plant, Elvis Costello, Willie Nelson, Paul Simon og Doug Kershaw. Steve Riley er også ein framifrå vokalist og felespelar.

Bergen Mandolinband
Bergen Mandolinband blir leia av folkemusikaren Olav Christer "Laffen" Rossebø og forfattar og musikar Gaute Sortland. Olav Christer har studert amerikansk folkemusikk gjennom mange år med studieturar og turnéar i USA og har særlig fordjupa seg i cajunmusikken frå Louisiana. Tradisjonsmusikken blir kopla saman med solide tekstar på norsk av vokalist og forfattar Gaute Sortland, og slik blir musikken ei blanding av det beste frå cajunland og det verste frå Vestlandet. Mørkt, sorgmuntert og særeige. Bandet har også signert ei rekke låtar sjølve.

"Bergen mandolinband har drevet med akkurat dette i 20 år, og nå virker det som de har nådd helt til topps - eller til bunns - i sitt prosjekt. De har nådd kjernen." - Alisa Larsen, Bergens Tidende

Gaute Sortland - opplesing, vokal og gitar
Olav Christer Rossebø - fele og mandolin
Ingemund Askeland - banjo og munnspel
Kjetil Olai Lunde - kontrabass
Steve Riley - trekkspel, fele og vokal

Novellefestivalen blir arrangert av Haugesund Folkebibliotek med tilskot frå Norsk Kulturråd, Rogaland Forfattarlag, Fritt Ord og Haugesund Mållag

Relatert materiale

Novellefest: Gaute M. Sortland, Bergen Mandolinband mm | Haugesund folkebibliotek