Til arrangementer

Musikk og konsert

Vetrhus/Tveiten/Ulvo: Hjem jeg lenges

Ei konsertframsyning om sorg og trøyst

Legg til i kalender
Pressebilde Åshild Vetrhus, Solbjørg Tveiten og Andreas Ulvo
Pressebilde Åshild Vetrhus, Solbjørg Tveiten og Andreas Ulvo
Pressebilde Åshild Vetrhus, Solbjørg Tveiten og Andreas Ulvo

Arrangementet krever billett

Dato

man 15. april

Tid

19:00 - 20:00

Sted

Haugesund folkebibliotek - Rabinowitz

Arrangør

Vetrhus/Tveiten/Ulvo

Billetter

Billetter selges ved inngang

”Hjem jeg lenges” er ei konsertframsyning kor ein har kombinert tekstar av Jon Fosse med tradisjonelle gravferdssalmar frå Nord-Rogaland og Hardanger.

Musikken er lydfesta og vart sleppt på plate januar 2024. Tuva Syvertsen frå Valkyrien har vore produsent, Bård Ingebrigtsen gjorde lydopptaka og miksa plata, Helge Sten har mastra ho. Sigbjørn Apeland spelar trøorgel og syng på plata.

"Den nobelprisvinnende forfatteren Jon Fosse har skrevet dikt som bygger bro fra livet som vi kjenner det til noe annet som vi ikke helt kjenner. Da vi lagde forestillinga fikk vi ha med noen av diktene hans. Sammen med det som i eldre tider ble kalt liksalmer, forsøkte vi å sette sammen ord og toner, som kanskje kunne berøre, kunne være til hjelp for å begripe reisa over til den andre sida. Publikum kunne oppleve en trøst, kanskje, om de hadde mista noen. De kunne kjenne på savnet av eller minnene om de døde. Også de lyse minnene. - Mette Brantzeg, regissør for framsyninga «Hjem jeg lenges»

"Dei song dei døde ut or husa, dei gamle liksongarane. Songar som gjekk i arv frå far til son frå mellomalderen, sunge med ein villskap og fylde som kryp inn i ein frå dei arkivopptaka som finst. Ved grava song dei også. Seigt, mørkt, rivande i sjela, sørgande og stort. I same stunda med lengt og liv. Verda er mørk no, seier vi. Men det har alltid vore mørkt for menneska i verda. Og det er i slike stunder ein skal synge. Er det mørkt, syng." - Hilde Sandvik, programleiar av «Norsken, svensken og dansken» – og suldøl.

”Når ein høyrer den gamle gravsalmetonen frå Suldal, krislar det kaldt ned igjennom ryggen, seier folk.” uttalte Rolf Myklebust på NRK radio. "Hedenske hyl" er ein annan karakteristikk gravferdssalmane har fått. Samtidig finn ein nokre av dei vakraste av dei vakre salmetonane som finst her i gravferdsalmetradisjonen.

OM MUSIKARANE:

Solbjørg Tveiten (1978), folkesongar frå Tørvikbygd i Hardanger, utdanna ved Raulandsakademiet, Ole Bull Akademiet og Norges Musikkhøgskole. Aktuell i Mjøsfolk.

Åshild Vetrhus (1978), folkesongar frå Suldal i Rogaland, utdanna ved Norges musikkhøgskole. Aktuell i ulike prosjekt saman med Andreas Ulvo, med Malmin og som soloutøvar, men kanskje mest kjend frå folkemusikktrioen Tindra.

Andreas Ulvo (1983), pianist, keybordist og komponist frå Eidsskog utdanna ved Norges musikkhøgskole. Aktuell m.a. i Ulvo Ensemble, Mathias Eick kvintett, med Karl Seglem, Thom Hell, Ellen Andrea Wang, Ine Hoem, Ingrid Jasmin, Solveig Slettahjell, “Innlandet” med Ingrid Olava m. fl.

Konserten arrangeres med støtte fra Norsk Kulturråd

Relatert litteratur

Kontakt

Haugesund kommune
Ansvarlig redaktør: Siri O. Vikse
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagramBesøk oss på youtube
Bygget med Libry Content