Romanen "Kvar dag skal vi vere så modige" handlar om dei som har det vanskeleg. Han handlar om dei vi ikkje ser, men òg om dei som faktisk bryr seg. Isak si mor treng kvile, og den lille guten gjer alt ho ber han om. Han tek ansvar, og av og til skulkar han til og med skulen for å hjelpe mora. Da ein framand mann flyttar inn i nabogarden, får Isak seg etter kvart ein ny ven. Mannen er vennleg, og han og kjærasten tar Isak med på utflukter. Isak ønskjer seg ein ny familie. Men kan og vil naboane vere det for han? Omtalen er utarbeidd av BS.