Vi kjenner Margreth Olin som filmskapar, men ho har og verkeleg ordet i si makt. Olin har hatt tøffe påkjenningar i livet, og reiser heim til Oldedalen til mor og far. Her fylgjer ho faren gjennom dei fire årstidene på vandring i Oldedalen, det som blir til filmen Fedrelandet. Natta etter premieren blir mor sjuk, og døyr to dagar etter. Denne boka er ei kjærleikserklæring til henne, men og til far og til naturen, til Oldedalen og til kunsten. Ei nydeleg bok, her er mykje kvardagsvisom å henta. P.S Filmen kan også anbefalast.