Til arrangementer

Folkemøte og forfattersamtale: Familiefattigdom i Haugesund

Samtale, debatt og foredrag
For alle

Familiefattigdom er eit stort samfunnsproblem i Noreg.

Redd barna
Redd barna
Redd barna

Gratis - krever påmelding

Dato

onsdag, 16. oktober

Tid

18:00 - 20:00

Sted

Haugesund folkebibliotek - Rabinowitz-salen

Arrangør

Redd Barna og Haugesund Røde Kors
Gå til påmeldingLegg til i kalender

10 % av barn i Haugesund veks opp i ein familie med lite pengar, og dette kan ha store konsekvensar. Barn og ungdom fortel at dei skammar seg, bekymrar seg og at dei ikkje kan delta på aktivitetar saman med venene sine fordi alt kostar penger. Dei fortel at dei mister trua på framtida.

På folkemøtet får du møte forfattar Anna-Sabina Soggiu, som kjem til Haugesund for å snakke om boka si «Vi fattigfolk». Boka er historia om å vekse opp i ein kommunal bolig, og om det å vere fattig og å skamme seg over det. Ho vil lese utdrag frå boka og dele sine tankar om utfordringar og løysingar knytt til familiefattigdom.

Kva meiner ungdommar i Haugesund at politikarane må gjere for å bekjempe familiefattigdom? Dette vil Ungdomsrådet i Haugesund innleie om.

Så spør vi politikarane i Haugesund: Kva har blitt gjort eit år etter lokalvalet, og kva er planen vidare for at ingen barn skal vekse opp i fattigdom i Haugesund? Vi utfordrar politikarane på kva tiltak og løsningar som må skje framover.


Har du behov for tilrettelegging, sjå meir info i påmeldingsskjemaet.

Hjarteleg velkomen til eit viktig folkemøte om barn sin oppvekst i Haugesund!

Relatert litteratur