Til arrangementer

Panelsamtale: Historia som kompass?

Samtale, debatt og foredrag
Voksne

På kva måte kan historia guide oss og lære oss noko om vår eiga tid?

Moster 1000
Moster 1000
Moster 1000

Gratis - ingen påmelding

Dato

man 27. mai

Tid

12:00 - 13:00

Sted

Haugesund folkebibliotek - Rabinowitz

Arrangør

Moster 2024

I eit miniseminar vil professor i rettshistorie Jørn Øyrehagen Sunde gi oss eit innblikk i Noregs tidlege lovskapingsprosessar i anledning to viktige lovjubileum i 2024. Kristenretten 1000 år og Landsloven 750 år.I ein panelsamtale med professor Jørn Øyrehagen Sunde, forfattar Bjørn Sortland og dagleg leiar for Moster 2024 Elsa Aanensen, spør panelleiar Sverre Meling jr. om det er viktig å kjenne til prosessar i fortida for oss som lev i samtida.

På kva måte kan historia guide oss og lære oss noko om vår eiga tid? Historie kan nyttast som verkemiddel i kunsten og verktøy i politikken. Men kva med historiefortolking og kjeldekritikk?I 2024 markerer vi at det er 1000 år sidan Olav Haraldsson og biskop Grimkjell innførte kristenretten på Moster. Samtidig er det også er 750-årsjubileum for Magnus Lagabøtes Landslov i 2024. Desse to lovverka kan sjåast i samanheng, sjølv om 250 år skil dei.Hovudmarkeringa for 1000-årsjubileet er på Moster 29. mai-2. juni. 750-årsjubileet for Landsloven markerast gjennom heile året med utstillingar og arrangement i Bergen og Oslo.

Om deltakarane:

Jørn Øyrehagen Sunde er tilsett som professor i rettshistorie ved Institutt for offentleg rett i Oslo. Sunde har sidan 2014 leia eit prosjekt om Landslova av 1274, og har gitt ut fleire bøker om Noregs lovutvikling. Mellom 2011 og 2015 arbeidde Sunde med Høgsteretts historie 1965-2015, og har sidan òg arbeidd med domstolar og rettsstat i Europa i det 21. hundreåret.

Bjørn Sortland er ein prisvinnande norsk barne- og ungdomsbokforfattar frå Bømlo. Han har skrive meir enn sytti bøker, i mange ulike sjangrar og for alle aldersgrupper, inkludert vaksne. Sortland sine bøker er gitt ut i 28 land. Bjørn Sortland har på oppdrag for Moster 2024 skrive jubileumsboka «Moster iz da Thing».

Elsa Aanensen har sidan 2020 vore dagleg leiar i jubileumsselskapet Moster 2024 AS. Elsa er utdanna skodespelar, og har produsert scenekunst gjennom kompaniet Scenekraft, som har som formål å nytte historia til å tematisere samtida. Elsa har leia gjennomføring av store arrangement, og vore teatersjef i Drammen.

Sverre Meling jr. er historikar, og har erfaring med å behandle historia både som lærer i videregåande skule, forfattar og i jobben som dagleg leiar av Maritimt Forum Haugalandet og Sunnhordaland.

Kontakt

Haugesund kommune
Ansvarlig redaktør: Siri O. Vikse
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagramBesøk oss på youtube
Bygget med Libry Content