Denne boka fortel historia om kvar av dei 101 båtane som Fylkesbaatane har hatt i fart sidan selskapet vart skipa i 1858. Dette er fartøya som åpna verda for sogningar og fjordingar, men som også opna Sogn og Fjordane for turistar frå heile verda. Her er det omtale av dampskip, motorbåtar, ferjer og ekspressbåtar. Det er historia om båt nr. 1 og 2, Framnæs og Fjalir, dampskipa som kvar gjekk nesten 100 år i rutefart, og fram til båt nr. 101, Fjordglytt, som vart sett inn i lokaltrafikken rundt Florø sommaren 2000. Det er tatt med faktaopplysningar om alle båtane, med teikningar, tekniske mål, eigarhistorie m.m. Det er skildringar av livet om bord, mannskap og passasjerar, kvardagsliv og dramatiske hendingar. Boka er gjennomillustrert med gamle og nye foto, kart, båtteikningar og andre illustrasjonar. Ei bok for alle som er glade i båtar med sjel. Med kjelder. Nyn.