Sår, personleg, engasjerande, tankjevekkjande og romantisk forteljing om å "henga etter" bestevenninna si og gjerne oppleva at vennskapet endrar seg fortare enn du er klar for. Og kva skal du gjera når du finn ut at nokon har delt nakenbilete av storesyster di og du får forbod mot å fortelja det til nokon? Korleis kan du hjelpa storesøstera di OG samtidig halda det hemmeleg? Det viser seg at også delinga av nakenbilete heng saman med forelsking. Storesøstera grin mykje. Kan forelsking både vera vondt og godt? Hovudkonflikten i boka er deling av nakenbilete, samtidig som overgangen mellom barn og tenåring blir teken opp; at det er normalt å utvikla seg i ulikt tempo.