Gamle båthistorier fortel om ei tid og eit levesett som berre er nokre tiår borte, men likevel så fjernt frå våre dagars overflodssamfunn at ein stundom må lure på om utviklinga har gått litt for fort. Boka handlar om 78 gamle båtar, alle heimehøyrande i Sogn og Fjordane, båtar som gamle sjøfolk bestemt hevda var mykje meir enn berre tomme skal, dei hadde sjel. Her kan du lesa om seglskuter, dampbåtar og motorbåtar med byggeår frå 1860 til 1958. Boka tek føre seg fiskebåtar og fraktebåtar, kystbåtar og havgåande båtar, norskbygde og utanlandske. Boka har omtale av kvar einskild båt og dei som arbeidde om bord, skildringar av kvardagsliv og dramatiske hendingar, faktaopplysningar om kvar båt og eit biletmateriale med over 150 gamle fotografi i svart/kvitt. Forfattaren er fiskarbonde og skribent. Omtalen er utarbeida av BS.