Bronto Biff er ein merkeleg dinosaur med ein merkeleg diett. Han et berre svart mat. Dag etter dag, veke etter veke. Men ein dag får han ein eksistensiell krise. Han skjønar at det må vere meir i livet enn dette. For første gong i livet går Bronto på restaurant, og bestiller alt på menyen. Men alt er litt for mykje for magen til Bronto, kan hende å smake passe mykje er betre. Dette er ei forteljing om kjensler, smakar, lukter, fargar og mat. Biletbok for førskolebarn/småskoletrinnet.