Europa er blitt utsett for ei sterk amerikanisering gjennom historia. Kva inneber dette? Stephen Walton gjennomgår i boka kva bilete dei franske intellektuelle har hatt av Amerika og amerikaniseringa, eit bilete som i stor grad har påverka resten av Europa. Boka tek for seg den franske amerikadiskursen på 1800-talet, via kjende intellektuelle på 1900-talet som Sartre, Beauvoir og Baudrillard, og endar opp med omgrepet etter 11/9, då amerikanisering er blitt "globalisering". "Globalisering er amerikanisering uten fast adresse", meiner forfattaren.