I den fjerde boka basert på den populære fjernsynsserien «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» møter vi igjen menneske som har valt eit anna liv, eit enklare liv langt borte frå det urbane bymiljøet. Bruaset tar lesaren med til i alt elleve stader. Menneska han møter har det til felles at dei har søkt og funne det gode livet i ein fjern avkrok. Historiene er dramatiske, utrulege og fascinerande, og vi får vite kva som har skjedd med dei etter at programma vart laga.