Dette eventyret om dyneprinsen som er så glad i å teikne, har ein åpen sluttslik som mange eventyr har. Kongen er ikkje noko snill. Han vil ikkje at prinsen skal teikne, men heller gjere noko skikkeleg som t.d. å lære seg å fekte. Kongen får usynlege soldatar til å vakte prinsen slik at han ikkje teiknar. Prinsen sluttar med det på eit vis, men likevel tek stadig nye bilete form inni hovudet han mens han ligg under ei mengde dyner. Så kjem den gamle gartnaren attende til slottet, og prinsen får ein pensel som han kan måle i lause lufta med. Dei usynlege soldatane kjem fram, og kongen mistar mål og mæle. Illustrasjonane er fargerike, inneheld ei mengd detaljarog finst i ulike storleikar. Tekst og bilete er sett saman til eit delikat og spanande uttrykk. ISBN 8203241069 Eventyr om Dyneprinsen som er så glad i å teikne og som ikkje liker prinse- livet. I staden for å ri og fekte kryp han heller under dyna og teiknar. Kongen vil sjølvsagt at han skal bli ein skikkeleg prins, og gjer alt ha