Tradisjonelt sett har historiefaga stort sett vore knytta til det nasjonale, og ofte også det europeiske. Men den seinare tidas globalisering har leia til at globalhistorie har sete sitt preg på historieskrivinga. Eit utvida perspektiv har ført med seg forsking som er meir tverrfagleg, spenner over fleire historiske periodar og famnar om kulturhistoriske emne i høgare grad. Dette føyer seg inn under det ein kallar “komparativ verdshistorie”, som ofte blir sete i motsetnad til “globalhistorie”. Globalhistorie er først og fremst oppteken med global utveksling og dialog. Denne boka tek opp globalhistorie i perioden frå kring år 500 til 1500. Omtalen er utarbeidd av BS.