"Tante Astrid er sånn koseleg tjukk, og kinna hennar er som bolledeig! Berre ikkje klissete", seier Stine. I denne boka møter vi altså ei likefram og oppfinnsam jente. Temperament har ho også, og når storebror Magnus på tretten år ertar ho, kan det renne over. Tenk om ho kunne bytte burt Magnus og få ein hund i staden, tenkjer ho. Men det syner seg at storebrør også kan vere nyttige å ha, særleg når andre gutar vil plage ein langs vegane. Boka ser på seksåringen med humoristisk blikk. Hos Stine er det ikkje langt mellom sjarmerande veslevaksne kommentarar og trass mot all urett som rammar dei som enno er små. Slik sett tek boka gleda og sorgen i livet til seksåringen på kornet. Lett å kjenne att er også skildringa av syskenkranglinga og mor og far si vanskelege meklarrolle. Boka skildrar situasjonar og replikkar med innleving og innsikt, og ho har mykje å seie til den vaksne lesaren om det å vere yngst i familien. Samlaget, 1999.