Anna Gavalda (f. 1970) debuterte i 1999, og tidlegare er "Eg elska ho" og "Eg vil at nokon skal vente på meg" omsett til norsk. I "Saman er ein mindre aleine" får vi ei forteljing om fire menneske, Camille, Philibert, Franck og Paulette, som av ulike grunnar kjem til å møtast. Det er ein kjærleiksroman, ein roman om livet, om relasjonar og kokkekunst. Det heile går føre seg i området rundt Eiffeltårnet i Paris. Romanen blei utgjeven på norsk første gong i 2005.