Lån boka
Om boka
Stadig fleire oppdagar Færøyane som turdestinasjon. Denne boka kan fungere som reiseguide til dei grøne øyane i havet, men er også meir enn det. Forfattar Ottar Fyllingsnes opnar dører til historie, kultur og kvardag på Færøyane. Han har sett på den felles norsk-færøyske historia for å forstå grunnlaget for og utviklinga av denne mikrostaten vest i havet. Det handlar mellom anna om sjølvstendestriden, krisa i kystfisket, kampen for språket og olsokfeiringa, som også er nasjonaldagen til Færøyane. Lesaren får gjennom møte med folk, kultur og næringsliv eit innblikk i korleis Færøyane er i dag, samstundes som forfattaren trekker linjer i samfunnsutviklinga heilt attende til vikingtida. Omtalen er utarbeida av BS.