I sju noveller møter vi to kvinner og fem menn frå ulike samfunnslag og livssituasjonar. Dei ber alle med seg ei form for sorg eller einsemd, men er no i ferd med å opne seg for andre. Det er langtransportsjåføren som må avlive hunden sin, bedriftsleiaren som skriv brev til sin døde nabo, den sørgjande og alkoholiserte enka som blir trollbunden av ei kvinne på bar. «For ope hjarte» er ei gripande novellesamling, skrive på ein humoristisk og usentimental måte. Omtalen er utarbeidd av BS.