Hanna søkjer teneste hos ein enkemann på Finnskogen. Året er 1849, og gardsfolket er ikkje særleg begeistra for dei som er av reisande slekt. Hanna fortel difor ingen om kven ho eigentleg er. Den yngste sonen i huset blir snart sjarmert av den unge kvinna, men odelsguten står i vegen for hans forsøk på å nærme seg. Med tida gjer fordommar, sjalusi og frykt seg gjeldande. Kva er Hanna sin tryggleik verdt, dersom han går på kostnad av hennar eigen fridom?