I "Frå damp til motor" følgjer vi utviklinga frå tidlege fiskedampskip til store dieseldrivne farty. 1920-åra var krisetid i fiskerinæringa. Det vart slutt på fornying av fiskeflåten, men tidene betra seg kring 1930. Mange av dei gamle fiskedampskipa vart då ombygde, og det kom fleire store og moderne havfiskebåtar. Fiske på nye felt, som ved Grønland, kravde båtar med større aksjonsradius. Dieselmotoren tok over for dampmaskina, båtane fekk installert fryserom og forholda for mannskapa vart betre. Boka fortel historia til i alt 54 havfiskebåtar, med hovudvekt på båtane som kom siste tiåret før krigen. Forfattaren har skrive fleire bøker tidlegare, blant dei er "Frå segl til damp" (2002). Boka er rikt illustrert. Ill. 144 s. Kvartformat. 2005.