Voksne

Frå segl til damp : fiskedampskip på Sunnmøre før 1908

Johan Ottesen

2002

Lån boka

Tilgjengelig som:

Om boka

  • Fiskebåter - Sunnmøre - Historie : teknikk
  • Kystområder - Sunnmøre - Kulturhistorie
På slutten av 1800-talet byrja åttringen og bankskøytene å få konkurranse frå dampdrivne fiskefarty. Det skulle ikkje gå mange åra før segl og årar vart erstatta med dampmaskiner og motorar til framdrift av fiskefloten. Kring år 1900 byrja ei sterk utbygging av dampskipsfloten på Sunnmøre. Ei stund hadde også landsdelen bortimot halvparten av alle dampdrivne fiskebåtar her i landet. Den nye båttypen kravde meir kapital enn den tradisjonelle fiskarbonden kunne makte. Det vart difor særleg handelsmenn med tilknytning til fiskernæringa som skulle bli føregangsmenn i overgangen til dampdrift. I denne boka får leseren historia, frå "vogge til grav", til mange av dei båtane som var sentrale i denne store og viktige omlegginga av fiskerinæringa. Boka er rikt illustrert. Boka er bygd opp på same måte som bøkene om ishavsskuter som forfattaren har gjeve ut tidlegare. Forhåndsomtale. 2002.

Utgaver