Krimduoen fra Lom, Vigdis Kroken og Ragnhild Kolden, har skreve sin fjerde kriminalroman om lensmann Sylfest Seljestad og Jørgen Vold. Me er tilbake i Lom, under den kaldaste vinteren på fleire år. Her bur Agnes Skarstulen, ei gamal kvinne som er dårleg likt i lokalsamheldet – somme vil kanskje seie frykta. Da ho blir funnen drepen i snøen, oppdagar Seljestad og Vold ei særs dramatisk livshistorie. Og ennå meir dramatikk skal det bli, då Arne Brimi finn eit nytt offer på restauranten sin, som ligg vegg i vegg med lensmannskontoret. Tema som einsemd og den sosiale isolasjonen som kan oppstå, sjølv blant naboar i eit lite og tett samhelde, kjem under lupa i denne spenningsromanen. NB! Førsteutgåva av denne boka kjem hefta. Omtalen er utarbeidd av BS.