Grotten er sidan 1922 brukt av den norske staten som æresbustad for kunstnarar. Huset blei reist av Henrik Wergeland i 1841, og han budde der sjølv fram til 1845. I ettertida har fleire diktarar og komponistar fått bu der: Christian Sinding, Arnulf Øverland, Arne Nordheim, og no Jon Fosse, som har budd der frå 2011. Denne boka fortel historia til huset og kva som har skjedd der, og skildrar kvardagslivet til dei som har budd der og kva som blei skapt i perioden de oppheldt seg i kunstnarbustaden. Ingvild Bræin er kulturjournalist og litteratur- og teaterkritikar. Omtalen er utarbeidd av BS.