Ein katt, ei mus og eit pinnsvin vankar på same kafe, men er svært ulike som personar og kjem ikkje godt overeins. Men for å redde den konkurstruga kafeen, bestemmer dei seg for å arrangere ein konsert saman. Her kjem kvar person til orde med si musikkform, og framsyninga blir ein suksess både kunstnarleg og for venskapen som oppstår mellom dei tre. Figurane i boka er karikaturar av ulike personlegdomstypar, samstundes som dei har trekk frå det dyret dei er. Sammenstillinga gir ein humoristisk effekt og parallellen til mellommenneskelege tilhøve gir stoff til ettertanke. Dialogar og skildringar er fyndige og treffande. Somme stader nyttar forteljaren omgrep som ein må vere vaksen for å forstå. Illustrasjonar i svart/kvitt står godt til teksten. Cappelen, 2000.