Handlinga i romanen er lagt til eit smelteverkssamfunn på 1960-talet. Håkon er yngste son i en familie som blir styrt med hard hand av faren, smeden. Håkon bruker dei midla han har lært, hard sjølvhevding, for å karre seg ut av rolla si som underdog. I det lukka industrisamfunnet er klassegrensene tydelege, og ein kryssar dei ikkje uten å få svi. Vi følger Håkon gjennom gryande kjærleik, harde kampar og smertelege møter med menneska rundt han. Omtalen er utarbeida av BS.