Ålesund og Brandal var dei dominerande sentra for selfangstnæringa på Sunnmøre. I byen var det eit sterkare innslag av handelsfolk på eigarsida enn på sunnmørsbygdene. I tillegg valde forretningsmenn frå andre stader i landet å stasjonere skutene sine i Ålesund. Dermed var det fleire ishavsskuter på nordre Sunnmøre enn på søre Sunnmøre dei første tiåra med selfangst. I "Ishavsskuter" fekk vi historia til 43 skuter på søre Sunnnmøre. I denne boka får vi historia til dei mange skutene som kom til Ålesund og nærliggjande bygder i pioneråra for den sunnmørske selfangsten. "Ishavsskuter II" omtalar i alt 53 selfangsskuter frå sjøsetjing til dei går ut av drift. Og dei fleste skutene avsluttar si historie med forlis på fangsfeltet. Gjennomillustrert med fotografi i svart/kvitt. Med kjelder og båtregister. Nyn.