Bestefar er kameljeger i Sahra. På ein eldgammal motorsykkel reiser han inn i verdas største ørken. Framfor han spring Tam, ein halvtam afrikansk villhund, og bak på motorsykkelen sit Øystein og Lisa. Men på dette toktet finn dei meir enn berre kamelar. Ørkenen skjuler også livsfarlege kjeltringar og ei mørk hemmelegheit frå faraotida. Dette er ei historie som både er humoristisk og spennande. Fortelling for mellomtrinnet.