Det er våren 1940. Gabriel Bratt ventar på bussen heim til familiegardenda tyske bombefly blir synlege mot himmelen. Verdskrigen kjem dundrande som ei øydeleggjande kraft over Innerdalen, og snart held ein tropp tyske soldatar og NS-folk i sentrale posisjonar befolkninga i eit kontrollerande grep. Søskena Gabriel, Gunnar og Margot skal bli varig merkte av okkupasjonen på kvar sitt vis når tilsynelatande små og ubetydelege handlingar får dramatiske konsekvensar for dei og menneska rundt dei. For korleis skal ein handle når det å hjelpe ein ven kan sende deg til fangebrakkene i Sachsenhausen? Når det å oppsøkje ein barndomskamerat kan føre deg rett i hendene på Gestapo? Eller når feil svar kan utsetja deg for den verste pine? Krig er første del av eit tobindsverk om den tyske okkupasjonen og krigsoppgjeret i Noreg.