Sydama Ragnhild Strøm var den første kvinna som vart verva til tysk teneste. Heilt frå Rinnanbanden vart etablert på nyåret i 1942, spelte kvinnene ei sentral rolle. Nesten ein fjerdedel av dei 70 medlemmane var kvinner. Fleire trudde dei gjorde ein heiderleg innsats for motstandsrørsla, andre sympatiserte openlyst med fienden. Forfattaren fortel i denne boka historia om kvinnene i banden av angivarar, torturistar og drapsmenn.