Lars Berg (1901-1969) var forfattar, dramatikar, lærar og kulturforkjempar. Då han debuterte som romanforfattar i 1934 vakte bøkene stor oppsikt; han skreiv om emne som impotens, seksualangst og seksuell appetitt. Han fekk tilnamnet “rikspornograf” og blei meld til politiet. Under okkupasjonen satt han på fangeleiren Grini, og bøkene hans, som blei regna som umoralske, blei fjerna frå bokhandel og bibliotek. Berg skildra seksualiteten som noko positivt som blei halden nede av kyrkja og folks fordommar, og han var radikal og dristig for sin tid. Han skreiv romanar frå eit nordnorsk fiskarbondemiljø og arbeidde som lærar og kulturarbeidar i Troms. Omtalen er utarbeidd av BS.