Denne årboka er eit forum for kritikk, forsking og formidling av barne- og ungdomslitteratur. Årets utgave tar særleg for seg gamle klassikarar og ny, spennande litteratur. Boka gir oversyn over viktige arrangement og over viktige institusjonar i norsk og nordisk barne- og ungdomslitteraturforsking. Den inneheld statistikkar, prisar, bibliografiar og nyttige adresser. Boka er ei handbok for lærarar, studentar, bibliotekarar, kulturarbeidarar, litteraturskribentar og forfattarar, og for alle andre som arbeider med barne- og ungdomslitteratur.