Roman  •  6 – 8 år

Med blåbærsaft på leppene

1998

Illustratør:
Birgitta Sondresen

Lån boka

Tilgjengelig som:

Om boka

Då skoleferien startar, reiser Lisa og mamma til mormor og morfar som dei bruker å gjere, men denne sommaren blir ikkje som dei før. Mormor er sjuk. Ho har fått kreft og må på sjukehus for å få cellegiftkur. Mormor er no trøytt og sliten, og Lisa synest det er vanskeleg å forstå korleis det er med denne sjukdomen som dei vaksne ikkje har lyst til å snakke om. Men mormor og Lisa får også ein god sommar. Ein sommar som gjev gode minner når mormor blir sjukare og kanskje snart skal døy. Alvorleg sjukdom og død blir her behandla innsiktsfullt i ei enkel forteljing. Grunntonen i boka er slettikkje dyster sjølv om det er eit alvorleg tema som blir teke opp. Hendinganedenne sommaren blir opplevd gjennom jenta, og forfattaren har på ein truverdig måte fått fram det vesle barnebarnet sine opplevingar, tankar og kjensler. Språket er godt og lett og prega av ein knapp uttrykksmåte som kler innhaldet. Korte kapittel, mange avsnitt og stor og klar skrift gjer boka lettlest. Boka har nokre enkle strekteikningar, men historia hadde fortent betre illustrasjonar. Eide, 1998,

Utgaver