Den norske grunnlova blei laga for nesten to hundre år sidan. Are Kalvø meinte han kunne gjere ein betre jobb, og reiste ut i landet for å lage ei ny grunnlov, som byggjer på det folk i dag meiner. Boka inneheld den nye grunnlova, historia om korleis grunnlova blei til og forsøk på å finne ut kva folk i dag meiner om til dømes likskap, demokrati, monarki, religion og ytingsfridom. Ein tv-serie som dokumenterer arbeidet har blitt vist på NRK.