To menn møtest i Frankrike rett etter den franske revolusjonen. Den unge aristokraten Olivier har vanskar med å stole på det nye styresettet, og meiner det er tryggast å rømme landet. Ei reise til den nye verda for å studere fengselsvesenet er ei god unnskyldning. Med på reisa er Parrot, tilsett av Oliviers mor som sekretær, tenar, beskyttar og hennar spion. Parrot er langt frå ein aristokrat, men han og Olivier utviklar likevel eit slags underleg vennskap. Olivier prøver å like Amerika, men foraktar det vanlege livet. Men for Parrot er Amerika ein ny start, utan familiens fortid hengande ved seg. Peter Carey har skrive elleve romanar og har vunne Bookerprisen to gonger.