Pode får snue

Roman  •  6 – 10 år

Pode får snue

Tor Arve Røssland

2002

Illustratør:
Øyvind Torseter

Lån boka

Tilgjengelig som:

Om boka

  • Allergier - Barn
Pode, som vi kjenner frå Pode og Pode mister fotfestet, vaknar av at han nys. Det vert etter kvart mange nys og kvart nys bringer nye gjester. Turistsjefen vert lykkelig, men familien vert stressa av alle gjestane; busslastar med japanarar, ryggsekkturistar og syklistar, alle kjem til tunet der Pode bur. Stadig nye teoriar om kva som kan forårsake nysinga vert sett fram. Allergi, pollen og andre "vanlige" årsakar vert fremja, men til slutt syner det seg at ein medisinmann som læst som han er lege står bak nysinga. Det er berre Oldefar si antinyseteknikk som til slutt får ein ende på nysinga. Forfattaren leikar seg på same vis som i dei to første bøkene om Pode, og har skapt ei artig historie der lesaren vert invitert til å godta krumspring og brot med det realistiske. Denne historia har likevel ikkje den same humoren som i dei andre bøkene. Språket er godt, og boka er lett å lese. Øivind Torseter sine strekteikningar i enkel naivistisk stil er morosame. Her blir det også leika og spela på fantasien. Illustrasjonar som tekst er i lilla, og dette gjev boka ein ekstra liten "piff". Samlaget, 2002.

Utgaver