Rasmus Løland

Voksne

Rasmus Løland : barnebokpioneren frå Ryfylke

Ernst Berge Drange

2007

Lån boka

Tilgjengelig som:

Om boka

  • Rasmus Løland (forfatter), 1861-1907
Rasmus Løland (1861-1907) er ein pioner i norsk barnelitteratur. Alt som 17-åring leverte han sine første bidrag til Fedraheimen, men debuterte først 30 år gamal i 1891 med boka Folkeliv. Løland skreiv i alt nærare 30 bøker, forteljingar, skodespel og romanar, både for born og vaksne. Han blir rekna som ein av dei første realistane i norsk barnelitteratur. Han døydde 46 år gamal av tuberkulose. Biograf Ernst Berge Drange har gått gjennom eit enormt og unikt kjeldemateriale, bl.a. tusenvis av handskrivne dagbokblad frå forfattaren, og biografien gir eit levande bilete av Lølands barndoms- og oppvekstmiljø, og fortel om korleis den uredde fritenkjaren og radikalaren Løland levde, skreiv, debatterte og fortvilte i det særeigne Kristianiamiljøet han var ein del av.

Utgaver