I år 980 er det Håkon jarl som styrer landet etter at Eirikssønene er drepne. Det er uår og dårleg med korn i Noreg. Den 12 år gamle Torarin, som ønskjer å bli skald, blir sendt over havet frå Fitjar til Orknøyane, via Hjaltland, for å kjøpa korn hos orknøyjarlane. På oppdrag frå faren, Gudrød Gudrødson, har han også eit anna ærend, å reise heilt til Skottland for å finne Brigitt Duncansdotter som ein gong redda livet til far hans, og gje tilbake ei gullsølje som slekta hans røva frå oldemora hennar. På Hjaltland forelskar Torarin seg i den unge Hallgjer, som lover å vente på han. Det er mange sterke konfliktar i forteljinga, mellom gammal og ny tid, mellom familiemedlemmer, mellom blodtørste og fredsæle. Nynorsk tekst. Roman for mellom-/ungdomstrinnet.