Alle som har vakse opp i nærleiken av eit bedehus kjenner til den særeigne estetikken i form av strietapet, falma Jesus-bilete, spartanske møblar og handarbeid i form av hekla dukar. Fotograf Erlend Berge har reist land og strand rundt for å vitje bedehusa i all deira prakt. Boka er ein stilstudie, så vel som ein slags sosiologisk studie, av norske bedehusmiljø gjennom fotografi. Omtala er utarbeidd av BS.