Olav H. Hauge (1908-1994), vår fremste norske lyrikar i etterkrigstida, var både klassisist og modernist. Han gav i alt ut seks samlingar med eigne dikt, var ein genial gjendiktar, mens brevsamlingar og dei monumentale dagbøkene syner at han også var ein stilsikker prosakunstnar. I fembandsverket, "Dagbok 1924-1995", vrimlar det med sentensar, ordtak, sitat og fyndord. Hauge forma sjølv hundrevis av eigne afroismaar, og her presenterer forlaget eit mindre utval.